Två tomma händer

Eg retter to tome hender;
eg står som ein tiggar for Gud.
No er det bare Jesus,
hans rikdom og rettferds-skrud.

Eg retter to tome hender;
nei, ingenting i dei eg har.
No er det bare Jesus.
For hans skuld er Gud min Far.

Eg kjem med to tome hender.
Men du har eit rikdoms vell.
No er det bare Jesus.
Den fjellgrunnen evig held.

Kor rik eg er no i Jesus!
For alt det han vann, det er mitt.
Ævelis-våren strøymer.
Og no kan eg anda fritt.

Trygve Bjerkrheim

Foto: lightstock.com / Tina Vanderlaan